DIS-Norge
 
  English Norsk  

Sommertur DIS-M&R juni 2014

DIS Møre og Romsdal sin sumartur 2014 – 14 juni.

Turen i år gjekk til dei indre fjordbygdene på Sunnmøre, og vart ein fantastisk fin tur i strålande fint ver.  I det oppdelte fjordfylket Møre og Romsdal  er det ikkje heilt enkelt å sette opp ein slik tur – dei som kom lengst vekke frå på Nordmørssida måtte sjølve ordne seg med overnatting i Molde dagen før.  Og med tidleg ferje frå Molde kunne romsdalingane gå på Turistbussen Ålesund ved fergeleiet på Furneset.

Turen gjekk så mot Sjøholt og rutebilstasjonen på Moa, der dei ventande sunnmøringane kunne stige på – og reisa kunne fortsette til Solavåg og ferja over  til Festøy – eller Festøya.

Langs fjordane:

Lat oss her nemne at denne gjengen som var i bussen på denne turen, var alle folk med stor historisk innsikt og interesse for vår viktige lokale historie. I kvart eit sete sat det ”ekte” guidar som visste mykje å fortelje om det me såg på begge sidene av fjordane som låg på ruta vår  denne dagen. Historie og forteljingar kom den eine etter den andre på høgtalaren i bussen, om hendingar og stader etter som bussen drog forbi i landskapet.

Det kom fort fram at namnekonsulentane på Molde som hadde rota det til med mange stadnamn, ikkje stod serleg høgt i kurs. At Solevåg vart til Solavåg var ikkje heilt enkelt å forstå. Vi fekk og vite at ferjeleiet  Festøy - Festøya på andre sida av Solevåg, var den einaste øya i Noreg som ikkje var ei øy – og som heller aldri hadde vore det. Frå eigne ”guidar” i bussen vart historia rulla tilbake fleire hundre år – til den tida då kyrne i Hjørundfjorden vart frakta over til Solevågen sumartida for å ete seg feite på flatare land. Fjella i Hjørundfjorden stuper som me veit for det meste rett ned i fjorden, og var farlege for både folk og fe.

Husdyra i gamal tid vart derfor frakta over til Solevåg-landet for beiting, og dei vart utskipa frå Fe-støa må vita – slik var det. Eit ofte brukt lokalt namn på Hjørundfjorden i gamal tid var derfor ”Kufjorden”.  Etter hundre år som det heiter, synes allting å vere gløymd – men ikkje for DIS-ane om bord i vår buss denne dagen.

Sivert Aarflot museet:

Dette var berre starten på denne så innhaldsrike dagen – vår tur fortsette til Sivert Aarflot museet i Volda. Ein 6.te generasjon Aarfloting tok imot oss og orienterte om mannen og samlinga. Når vi i dette året feirar grunnlova sitt 200års jubileum, så er det ikkje til å unngå at vi undrar oss over korleis menneska på den tida var – korleis dei hadde det.

Her i Sivert Aarflot sine samlingar får vi mange av desse svara – korleis tida må ha vore her på våre kantar.

Sivert var fødd i 1759 og voks opp i siste delen av den 400års bolken som vi hadde under dansk herredøme. Han var uvanleg evnerik og engasjert i utviklinga av si samtid. Også frå dansk side var det forståing for at ei ny tid måtte komme, der folkeopplysning og opplæring måtte stå i fokus. Sivert og mange med han måtte likevel arbeide i ei brytingstid mot dei danske interessene.  Leiaren for den danske skulekommisjonen i 1790 var hertug Fredrik Cristian af Augustenborg, og han skreiv slik om den norske borgerklassen –”Bonden maa ikke blive oplyst, ellers vil han bare rebellere”.

Ein slik ”rebell” vart Sivert – med sine heilt uvanleg evner arbeidde han i det stille for si folkeopplysning – som bonde og lærar i omgangsskulen, som postopnar og lensmann. Mest kjent  er han kanskje for sin pioner-innsats som boktrykkar. Som den fyrste ute i bygde-Noreg skaffa han seg i 1808-1809 sitt eige prenteverk, etter at han alt i 1807 søkte kongen i København om lov til å gi ut sine eigne små prent. Alt i 1810 gav han ut Norsk Landboeblad – det fyrste bladet utgjeve på landsbygda. I dag er dette avisa ”Møre”.

Sivert lærde seg og å lese gamalnorsk, og han meinte at folket ikkje skulle vere redde for å bruke sitt eige gamle bygdemål – heller ikkje å skrive det.

Sivert fekk med seg mykje av den fridomsrørsla som rådde i Noreg fram mot og etter 1814. Sivert døydde i 1817 – som ein sliten mann – men som visste at han hadde sett spor etter seg – med mange bøker i eit bibliotek for folket.

Ivar Aasen tunet:

Medan vi DISar hadde vore opptekne med Sivert Arflot omvisninga, så hadde Turbuss sjåføren på forunderleg vis klart å snu den store bussen – vi var klar for neste mål – som var til Ivar Aasen tunet. Her gjekk vi no til dekka bord for ein flott lunsj.

Ivar Aasen var født i 1813, og på ein måte overlappar han det arbeidet som Sivert Aarflot hadde teke til med. Den tida fanst det ikkje så mange bøker, men den kunnskapshungrande unge Ivar fann det han søkte i prenta og bøkene som Sivert Aarflot hadde lete etter seg. Sivert hadde studert det gamle norrøne språket gamalnorsk, og funne likskap med det gamle bygdemålet som framleis levde til tross av påverknaden frå det danske språket.

Ivar meinte at det norske måtte byggjast opp att etter dei politiske hendingane som hende rundt 1814 – då landet gjekk frå dansk herredøme til svensk. Ivar lærde seg norrønt slik som Sivert hadde gjort det før han. Og han forstod kva Sivert ville ha meint om han framleis hadde levd. Ivar lærde seg no også engelsk, fransk og latin – han var slettes ikkje redd for å snakke med folk, same kva rang dei hadde. Han for landet rundt – for å lære seg det språket som han meinte var det norske. Slik har landet vårt i dag to sidestilte språk – det ”danske” og Ivar Aasen sitt. 

Monumentet etter Ivar sitt arbeid er sjølve Ivar Aasen tunet, der vi no var for vår flotte lunsj. Ivar døydde i 1896 – han fekk ikkje oppleve at landet verkeleg vart hans Noreg. Men det har vi DISar fått – og kunne her avslutte vårt måltid med eplekake med krem og ein kopp kaffi til.     

 

Norangsdalen

Vår tur gjekk no vidare gjennom våre flotte landskap som folk frå utlandet betaler mykje for å få oppleve. Turistbussen tok oss lett over Bondalseidet til Sæbø, og etter ein super ferjetur kom vi til Urke. Det flotte gamle hotellet krev alltid ein fotostopp – før neste stopp vart ved Lygnstøylvatnet. Etter steinraset i 1908 vart elva demma opp – Lygnstøylen vart då Lygnstøylsvatnet – framleis ser vi dei gamle steinmurane nede under vassflata.

 

Peer Gynt galleriet på Hellesylt

At fjella våre er farlege, er vel kjent for oss alle. Den skrekken vi følte opp Nordangsdalen og ned til Hellesylt, vart gløymd då vi kom inn i Peer Gynt Galleriet. Det må berre opplevast – å komme inn i dette galleriet med dei store Peer Gynt relieffa utskorne i tre – med Edvard Grieg musikk til -  går ikkje å beskrive. Til musikken vert historia fortalt med tilpassa lyd og tale. Dette må opplevast.  Kunstnaren Oddvin Parr brukte dei siste 14 år av livet sitt til å lage desse imponerande trefigurbileta, der han beskriv Henrik Ibsen sitt drama om Peer Gynt. Kunstnaren sjølv døydde i 2010 – synet og opplevingane her inne gløymer ingen.

 

Heimreisa:

Alle turar har ein ende – også denne vår DIS 2014 sumartur.

Turistbussen tok oss heimover gjennom nokre av dei nye tunellane over fjellet ned til Stranda – og vidare over Strandafjellet ned til ferja på Aursnes - eller var det Ørsneset. Ja – det var det då?!

Vi sunnmøringane klappa av bussjåfør Truls Aaland då vi kom til Spjelkavika. Romsdalingane ville vente med det til dei kom tilbake til Vestnesferja sa dei – for å vere på den sikre sida. Men dei klappa med likevel – sikkert for at dei no endeleg vart kvitt sunnmøringane

Dei kom sikkert vel fram dit – og då hadde vi alle i bussen hatt ein fenomenal flott tur som vi takkar arrangøren for – DIS Møre og Romsdal.

 

Artikkel ved Petter K Ulvestad

Vatne – 15.06.2014