DIS-Norge
 
  English Norsk  

DIS-Møre og Romsdal tur til Trondheim 31.oktober - 2.november 2014.

Dei slekts – og historie interesserte medlemane av DIS Møre og Romsdal hadde i helga 31.oktober – 2.november  eit av høgdepunkta i året – nemleg ei besøksreise til kollegane i DIS-Sør-Trøndelag i Trondheim.

Reisa var nok ikkje tilfeldig – DIS-Møre og Romsdal har arbeidd i fleire år for å få til nettopp denne turen – i år – i år 2014. For dette året er eit spesielt ”tungt” historieår  – det er 70 år sidan russarane gjekk inn i Finnmark og den tyske nedbrenninga av Finnmark tok til. Finnmarkskrigen vart ei stor katastrofe for Finnmark og Nord-Troms – den tvangsevakuerte befolkninga tapte alt dei hadde. Svært mange vart ført sørover til Trondheim og vidare sørover og utover landet. Mykje av denne historia er no arkivert her – i Statsarkivet Trondheim.

 ”D” for ”DORA”

Og DIS-arane i Trondheim ville sette opp eit besøk til Statsarkivet i Trondheim for besøket frå sør. Arkivet er ”bygd” inn i dei gamle ubåtbunkarane som tyskarane med bruk av krigsfangar bygde i Trondheim – ubåtbasen ”Dora”. Kvifor akkurat namnet ”Dora”. Det kom seg av at det tyske namnet på byen her var ”Drontheim”. Det tyske fonetiske alfabetet for bokstaven ”D” er namnet ”Dora”. Altså ”D” for ”Dora” – ”D”rontheim.

Det historiske bakteppet til hendingane frå 1944 -1945 kunne slik ikkje ha vore meir dramatisk og spennande for oss DIS-ar frå sør – enn å få kome til Trondheim og ubåtbasen Dora. Til desse kolosale byggverka i armert betong som var så kraftige at dei allierte ikkje klarte å øydeleggje dei ved bombing. Dei prøvde ein gong i 1943, men ingen bombe trefte. Etter krigen torde ingen prøve å sprengje dei vekk – dei var for store og solide, der dei låg nær sentrumsområda i Trondheim.

Etter mange 10år kom dei til slutt til nytte – som lagerhallar for mykje av dei arkiva som finst etter hendingane under krigen. Grunna den store massen med betong held dei jamn temperatur.

Men arkiva her i Dora inneheld mykje, mykje meir – frå dei gamle pavebreva skrivne på geiteskinn til dei gamle kyrkjebøkene og emigrantprotokollane – og so vidare om alt som tenkjast kan av både gamal og ny historie. Det var hit til Trondheim at vår reise skulle gå.

Bussen med sjåfør Østrem og Jonny Lyngstad framfor Dora 1. Kontora er bygde på toppen av betongkonstruksjonane.
 

Litt Rutebilhistorie:

Når DISar er på tur, står historie i ”høgsetet” frå alle om ”bord” – frå ein startar og fram til turen kjem til endes. Den flotte turistbussen som vi reiste med, er i realiteten sjølve ”avleggaren” av den gamle ”Vatneruta” som Bernt Øvrevoll starta opp rundt 1930.

Med DIS skiltet på gjekk vi fyrste på i Spjelkavik – så kom dei andre på etter kvart som vi passerte Sjøholt, Vestnes – Molde – Hjelset og Krifast oppover mot Trondheim.

Frå Molde gjekk turen over til Batnfjordsøyra – vi køyrer her den same ruta som den aller fyrste rutebilen i Noreg køyrde i 1908.  Ved å køyre over Fursethfjellet med bil, kunne folk i 1908 sleppe båtreisa over den verharde Hustadvika. Frå Batnfjordsøyra gjekk det dampbåt nordover til Trondheim – frå Trondheim kunne ein alt på denne tida reise med tog til Oslo.
  

 Foto Halvard Hatlen – Wikipedia. UNIC mod 1907, som Aarø Automobilselskap i Molde starta med i 1908.

Då alle var komne på, vart det i bussen fortalt både historier og gjeve informasjon om kva vi kunne vente oss når vi kom fram – og litt om programmet. Rett nok ikkje alt, for det var DIS kollegane våre i Trøndelag som skulle bestemme det meste av programmet. Det einaste vi andre visste, var namnet på hotellet for dei neste to dagane, og at dei kom til å ta oss til Statsarkivet. Vi visste også namnet på restauranten der vi skulle ha felles middag på laurdags kvelden – det var ”Brygghus 9”. Kva vi skulle få servert var det berre dei lokale DIS-ane som visste.

DIS-Sør-Trøndelag kollegane tek over styringa på laurdag og søndag:

Turistbussen henta oss hit og dit til avtalt tid, og vår eigen DIS-chief Åge Nortun kasta ikkje vekk tida med å telje om alle var komne på bussen eller ikkje. Alle var vi vaksne – på ”streken” køyrde bussen – og alle var med – kvar gong. Det kunne blitt langt å gå for dei som ikkje passa tidene.

På Statsarkivet stod eit lokalt team klart under leiing av Finn Karlsen. No var han og blitt pensjonist, men han hadde gjennom alle år leia oppbygginga av Statsarkivet. Dette var hans ekspertområde, det merka vi raskt. Nokre av oss hadde vore her før, men for dei fleste var dette med besøk i eit stort arkivsenter nye erfaringar.

Medan vi kunne nyte kaffi og småkaker rundt småborda i kantina, fekk vi den fyrste innleiinga til arkivverket – korleis det kom til å fungere når vi skulle sleppast inn i ekspedisjonen og lesesalane. Enkelte mapper som det på førehand var bede om å få bla i, var allereie framlagt i ekspedisjonen. All dokumentasjon i arkivverket fanst i permar som vi skulle lære oss å bruke – om og når vi måtte forsøke å finne det ein ville finne informasjon om.

At det måtte finnast eit svært bra system forstod vi etter å ha blitt vist rundt i sjølve arkivet inne i Dora-hallane. Her finst meir enn 25 km med arkivhyller – sett side om side ville mapper og permar rukke frå Trondheim til Stjørdal.

På bildet ser vi inn i ein av arkivhallane.

Føre og etter lunsjen vart det ”praktiske” øvingar i ekspedisjonen, i det å finne fram til det som var på søk. Det viktigaste rådet vi fekk, var systematikk – snarvegane ville ikkje fungere. Alt innhald i heile arkivet var i registerpermane – det var hit vi måtte for å finna fram.

På bildet over ser vi noko av hyllene med registerpermar. Då vi kom inn var alt ordna med permar side om side. Etter at vi DISar vart slepte inn, vart det reine ”jordskjelvet” i hyllene. Vi ser tydeleg spora i hyllene etter dette jordskjelvet – etter at ivrige DISar hadde plukka fram ”sine” permar. I dette miljøet gjekk denne laurdagen svært raskt.

Søndagen vart like spennande, med orienteringar i auditoriet, der både arkivet sin ”mann” Finn Karlsen og Jonny Lyngstad, styremedlem i DIS-Norge, Slekt og Data, hadde sine tørningar – med ulike tema – vist via doble videoprojektorar.

På bildet ser vi den ivrige forsamlinga i auditoriet – Finn Karlsen ved ”spakane”.

At ein måtte ha full konsentrasjon, ser vi på bildet under. Jonny Lyngstad har arbeidd med desse ”tema” i 40 år og har skrive fleire bygdebøker – no fekk vi ei innføring i korleis å forstå den gamle gotiske skrifta som han viste ulike eksempel på.

Kortaste week-end nokon hadde opplevd?:

Dette spennande miljøet som vi hadde fått besøke, fekk tida til å gå så aldeles for raskt – snart sat vi alle på bussen heimover att. DIS-Sør-Trøndelag hadde teke vare på oss på ein framifrå måte. No sat vi på returreisa alle saman, og nytte opp igjen heile det flotte programmet. Ikkje minst flott oppdekking til alle lunsjmåltid – for ikkje å snakke om den flotte middagen vi fekk servert på Brygghus 9 - langtidssteikt svineribbe med det som høyrer til.

I bussen var det kjekk ”mimring” heile vegen tilbake, men etter kvart steig dei av dei fleste. Snart var vi sunnmøringane også heime att i Spjelkavika, og på ny kunne vi avslutte ein aldeles flott DIS-tur – arrangert av DIS-Møre og Romsdal.

Artikkel ved Petter K Ulvestad,

DIS-Haram - 06.11.2014