DIS-Norge
 
  English Norsk  

Åpent møte i DIS-Haram 18.11.2014

DIS-Haram medlemsmøte på Vatne tysdag 18. november 2014.

Etter litt lav aktivitet i dei siste par åra, forsøker dei lokale DIS-ane å få ny fart i laget att. Slektsforsking og historie knytt til slektene våre vedkjem eigentlig alle av oss. Altfor ofte ”vaknar” ein ikkje før det er for seint – dei som kunne fortelje er ikkje meir.

Då er det så kjekt å kunne dra nytte av dei viktige resursane som DIS-organisasjonen bygg opp over heile landet – med mange lokale lag. Men det krev stor eigen innsats å få tilbake litt av den historia som vart borte med dei gamle.

Samfunnet og gjer store innsatsar for å digitalisere gamal historie av alle slag. Gjennom DIS-laga lærer ein seg teknikkane til å søkjefram denne historia.Haram laget dekkjer medlemar frå Skodje til Brattvåg og øyane, og endå lengre også for dei som søkjer etter næraste møtestad. Slik hadde vi under møtet i går også besøk frå Ellingsøya – av og til også heilt frå Rekdal.

Og får vi ikkje nok av det, så reiser vi sjølve til DIS-møta som DIS-Ålesund held i Spjelkavik ein gong i månaden.

Løysing av alle verdens problem.

Og på desse møta kan ein verkeleg løyse store verdsproblem, slik vi gjorde det på Vatne i går kveld.  

Problemet var dette – ein over hundre år gamal søknad om Ameriskansk Statsborgarskap – frå personen Bernhard Johan Bredesen som skriv i søknaden at han var født 18.mai 1871 i Myklebost – oppfatta som Myklebost på Harøya. Kanskje ikkje så urimeleg, då han vart gift med Oluffa O. Helland frå Styrkågarden i Hellandshamn i Haram – tvers over ”sundet” frå Harøya. Ho var forresten tante til far til artikkelforfattar. 

Under finn vi nokre klipp frå søknaden om amerikansk borgarskap, skrive av Bernhard sjølv.

Her skriv han tydeleg Myklebost – problemet for oss andre til alle tider har vore at det ikkje finst nokon med det namnet, født på den dagen på nokon Myklebost stad i heile landet. Vidare har det frå amerikansk side sett slik ut:

Hans etterslekt i Noreg på far Bernhard si side har ingen klart å finne. Det å finne tilbake til sine røter er viktig for alle. Vi i familien her i Noreg har heller ikkje klart å finne ut meir om dette.

Men i går kveld under DIS-møtet på Vatne vart dette 100år gamle verdsproblem løyst. Då gjekk DIS-veteran Liv Skramstad, nestleiar i DIS-Møre og Romsdal laus på problemet. Etter å ha søkt på register over halve den nordlege jordklode på mindre enn eitt kvarter, hadde ho løysinga på problemet. Det var hennar rutine og innsikt i alle krokvegar som gjorde det. Ho hadde god bistand frå DIS-Haram leiar Ingmar Seth.

Vi måtte nok innsjå at vår gamle gode Bernhard hadde forsøkt å ”lure” oss alle for 100 år sidan. 

For han var ikkje født på Myklebost, men på Myklebostad – i Nesna kommune.

Kvifor kan brukte feil namn på fødestaden kan vi i dag berre spekulere på – kanskje hadde han kome nedover til Harøya – kvalstasjonen på Steinshamn trengde mykje folk. Kanskje fekk han bustad på Myklebost på Harøya, som då var Sunnmøre. Og at det var der han trefte Oluffa frå Helland. Kanskje hadde han god betaling som ”lott” frå kvalbåtane. For han reiste til Amerika på SS Saxonia, på fyrste klasse, det var ikkje alle som gjorde det. Han gjekk i land i Boston den 15. juli 1902.

Bildet under set ansikt til denne forteljinga frå DIS-Haram økta.

Tilbake til røtene sine:

Kor viktig det er med røtene til opphav og oppvekst, får vi eit bilete på ved denne historia. Frå Styrkågarden på Helland var det heile 5 søsken som reiste til Amerika – tre søstre og to gutar. Under krigen vart folket i Styrkågarden jaga bort av tyskarane, hus og løe vart rive – dei skulle ha fri sikt til havet for sine store kanoner frå festningverka som dei bygde der, av russiske krigsfangar. I dag er dette blitt til Hellandhaugane byggefelt der på Helland.

Ei av søstrene til Oluffa var Laura. I 1970 var Laura alt ei svært gamal dame. Likevel skulle ho sjå tilbake til heimstaden sin før det vart for seint. Ho budde i Portland, og gjekk på flyet i Seattle og flaug via Bergen til Ålesund. Ho fekk besøkt attlevande slektningar – men det aller viktigaste var at ho plukka med seg ein bukett med greiner frå trea som framleis voks langs dei gamle fjøsmurane på heimegarden.

På retur hadde ho ordna seg slik at ho hadde ein dag i Bergen på besøk til slekt der. Dei tok ho med ein tur opp på Fløyen, som vart ei stor oppleving for henne.

I sitt siste brev som ho skreiv tilbake til Noreg då ho var attende i Portland, var om alle desse inntrykka som ho sat att med etter denne reisa. Brevet var skrive til ein bror – som gav det til min far – slik har artikkelforfattar dette brevet i dag.

Då ho var vel heime, skriv ho, så la ho kvit duk på bordet. Midt på bordet eit sylvfat – der stod vasen med kvistane ho hadde med seg frå trea på heimegarden. Så dekka ho bordet med Hardangerlefse som ho hadde kjøpt med seg frå Bergen – og inviterte til opent hus for alle venene sine der borte. 20 – 25 av dei var innom skriv ho. Vi kan berre ane kor kjekt dei hadde det, med god kaffi til – kor praten gjekk om gamle minner.

Slike minner får ein sjølv oppleve når ein tek til å søkje opp sine eigne røter – det er som røtene på eit tre – utviklinga i slektene går i alle retningar. Og du føler at historiene som du finn ut av snakkar til deg.

Då er bruk av dei ulike slektsprogramma viktig å lære seg – vel møtt då på neste DIS møte – same kor du no høyrer til.       

Artikkel ved Petter K Ulvestad, DIS-Haram.