DIS-Norge
 
  English Norsk  

DIS-Molde

DIS-Molde er eit lokallag under DIS-Møre og Romsdal som er tilslutta DIS-Norge. Lokallaget vart stifta 07.09.1999.

DIS-Molde arbeider for å stimulere til slektsforsking i nærområdet vårt.

DIS-Molde har alltid plass for fleire medlemer. Dersom du er interessert i å arbeide med slektsgransking, er du velkomen til å kontakte ein i styret. Vi hjelper deg gjerne med å kome i gang. Dersom du er klar til å melde deg inn allereie no, kan du gjere det ved å klikke på linken merka "Innmelding" i den horisontale menyen over.

Møta våre er opne for alle som er interesserte i slektsforskning. Det er med andre ord ikkje nokon føresetnad at du er medlem i DIS-Norge for å kunne delta på møta våre.

Vi held møta våre i Molde vidaregåande skule, midtfløya (F-fløya), underetasjen. Første onsdag i månaden har vi ope møte som startar kl 1800 og tredje torsdag i månaden har Embla-gruppa vår møte frå kl 1830.  Samstundes har kjelderegistreringsgruppa møte i tilstøytande lokale. Vi har tilgang til trådlaust nett, slik at du kan bruke eigen pc. Vi har ikkje møte i juli og august.

Her på Genress (slektshistoriske kjelder) har DIS-Norge samla masse linkar til ulike kjelder med opplysningar som er relevante for slektsforskarar. Her kan du finne ei rekkje opplysningar om slekta di.

Slektsforum er det, mellom mykje anna, eit eige forum for Molde. Her kan du leggje ut eigne etterlysningar, eller du kan sjå gjennom tidligare etterlysningar og kanskje finne opplysningar om eigne slektningar der. Du må vere medlem eller gjest for å kunne leggje ut etterlysningar.

Ein annan plass for informasjon er Gravminner. Her er store delar av gravminnene i Noreg allereie registrerte. Det står likevel noko att, også i Molde, så dersom du vil delta i denne dugnaden ver snill ta kontakt på e-post.

Har du slekt andre stader i fylket kan kanskje denne DISkart hjelpe deg å finne rett stad.

Til slutt vil vi nemne tenesta SlektsforskerbasenHer kan du finne andre som forskar i same kommune eller på same gardar som du.  Her må du ha eige brukarnamn/passord for å kome inn.

Vel møtt på møta våre i Molde vidaregåande skule!