DIS-Norge
 
  English Norsk  

Årets sommertur til Giske

DIS-tur til Giske

 
 
Medlemstur i DIS-Møre og Romsdal laurdag 4. juni.
 
Godøya, Giske, Valderøya og Vigra er reisemålet i år.
Desse fire øyane utgjer Giske kommune med 7.200 innbyggjarar – den tettast befolka landkommunen i fylket.
 
Velkomen til øyane i Giske
Eit unikt kystmiljø møter deg med storslått natur, idylliske fiskevær, gode fiskeplassar og kvite sandstrender. Historiske bygningar, gravfunn og fornminne fortel om busetnad på øyane i over 8000 år.
 
På turen får vi sjå og høyre om alle øyane – og blant høgdepunkta er:
  • Solbakken skule med kaffi og kaker. Grendaskulen vart bygd i 1892 og var i bruk som skule fram mot 1970. I dag er den mellom anna hovudkvarter for DIS-Giske.
  • Klasserom frå 1892 og autentisk lærarinnebustad frå mellomkrigstida.
  •  
 
  • Vigra kringkastar med Vigramasta som truleg vert riva no. Her er eit museum som fortel både lokal krigshistorie og nasjonal kringkastingshistorie. Du får sjå korleis masta ser ut invvendig. Du kan førestille deg korleis det er å klatre i ein stige 240 meter rett opp medan 100.000 watt går gjennom masta.  
  • Kyrkjeørna på Roald med søndagsskulehuset og Gange Rolf-bautaen like ved. Var det herifrå Rollo reiste og i 911 vart hovding i det som seinare vart hertugdømet Normandie?
  • Severin Haugen fortel om plassen og det gamle Roaldstunet.
     
  
  • Valderhaug med handelsstad og tollstasjon. 
  • Giske kyrkje frå 1100-talet er stengd på grunn av reparasjonar. Vi får kanskje sjå inn likevel. I alle fall omvisning på området som var Giskeætta sitt hovudsete. Omvisar er Elias Giske. Er det fint ver kan vi spasere til Amfiet der Giskespelet skal vere 19. juni.
  • Godøya med Alnes vert dei neste stoppa. Indre Alnes er enno eit klyngetun og bygda ligg fint til ut mot havet. På Godøy kystmuseum får vi middag og omvisning ved arkeolog Heidi Haugene: utstillingar med tema arkeologi, lokal krigshistorie, los- og fiskeri.